KRM
Arrangement

Nesten framme

Kor var sluppe-folket 30.10.1825?

30. okt. 2025 KL. 19:00 - 20:00

Torsdag 30. oktober kl. 19.00 kjem forteljar Anne Elisebeth Skogen til Stavanger maritime museum fortel om den utrulege reisa med Restauration gjennom Hell Gate til Det Lova Landet.

Kor var sluppe-folket denne dagen (30.10.1825) for 200 år sidan?

Kva hadde hendt sidan dei kom til New York 9. oktober, tre veker tidlegare?

Me følgjer dei fram til målet, Kendal ved bredden av Ontariosjøen, men tar først eit tilbakeblikk på korleis tanken om å utvandra dukka opp, førebuinga, sjølve reisa og innseglinga til New York gjennom Hell Gate.

 

Anne Elisebeth Skogen er utdanna forteljar har jobba grundig med kjeldestoffet til forteljinga i åra før replikaen av Restauration blei sjøsett og døypt i 2010. Sidan har ho bla turnèt både i Norge, i sju statar i USA og delteke ved ulike museum og festivalar. Våren 2025 gav ho ut barneboka Over havet til Amerika i 1825.

Munnleg forteljing blir rekna som ein eigen kunstart med direkte kontakt mellom avsendar og mottakar, ikkje noko medium mellom. Det kan skapa magi.

Originalbilda til boka er også utstilte på museet.