KRM
Utstilling

Over havet til Amerika i 1825

RESTAURATION

Utstillinga viser illustrasjonar frå boka «Over havet til Amerika i 1825» og en stor modell av RESTAURATION. Den er ein del av feiringa av Crossings200, det nasjonale utvandrarjubileet i 2025.

For 200 år sidan forlèt 52 barn, ungdommar og vaksne Stavanger i ei lita seglskute med namnet RESTAURATION for å segla heilt til Amerika. Turen om bord i den overfylte skuta tok tre månadar.

Boka og illustrasjonane fortel om opplevingane til Nils på ni år og den yngre Marta Helene, heilt frå dei la ut frå Vågen og til dei kom fram til New York, og vidare til staden dei skulle bu.