KRM
Arrangement

Over havet til Amerika i 1825

For små og store

27. sep. 2025 KL. 13:00 - 14:00

Laurdag 27. september kl. 13.00 kjem Anne Elisabeth Skogen til Stavanger maritime museum med forteljinga om Nils og Marta som reiste til Amerika.

Sommaren for 200 år sidan segla Nils på 9 år og Marta Helene på 4 år frå Stavanger over Atlanterhavet og heilt til Amerika med seglskuta «Restauration». Dei reiste med foreldra og andre vaksne.

Kvifor reiste dei? Kva skjedde på den lange sjøreisa? Og kordan var det å komma til Amerika?

Svara får du i forteljinga som Anne Elisebeth Skogen fortel på museet.

Gamle og unge er hjarteleg velkomne!

Våren 2025 gav Anne Elisabeth ut barneboka Over havet til Amerika i 1825.
Originalbilda til boka er også utstilte på museet.