Arrangement
Utstillingsåpning
Over havet til Amerika i 1825
10. mai 2025
KL. 12:00 - 13:30
For 200 år sidan forlèt 52 barn, ungdommar og vaksne Stavanger i ei lita seglskute med namnet RESTAURATION for å segla heilt til Amerika. Turen om bord i den overfylte skuta tok tre månadar.
Boka og illustrasjonane fortel om opplevingane til Nils på ni år og den yngre Marta Helene, heilt frå dei la ut frå Vågen og til dei kom fram til New York, og vidare til staden dei skulle bu.
Anna Elisebeth Skogen vil fortelje både om historia og om korleis boka blei til. Nenad Ignjatic vil visa illustrasjonane.
Gratis inngang.
Barnefamiliar er særskilt velkomne!